Vilma tok doktorgrad på marin plastforureining
Nyleg disputerte Vilma Havas for doktorgraden i Ålborg i Danmark. Temaet ho har fordjupa seg i, er systemendringar som kan få slutt på plastforureining i havet.
Vilma Havas er tilsett ved SALT, som er ein av underleverandørane i prosjektet.
Avhandlinga hennar handlar om kor viktig det er å få på plass systemtilnærmingar som kan ta tak i problema knytt til marin plastforureining.
Tittelen på avhandlinga var “Improving the sustainability of downstream solutions to marine macroplastic pollution by applying systems thinking”. Avhandlinga understrekar behovet for å adressere heile livssyklusen til plast. Prosjektleiar Hans Jakob Walnum var medlem av komiteen som vurderte arbeidet til Vilma.
- Ho utfordrar tanken om at sirkularitet er berekraftig i seg sjølv, og peikar på store gap når det gjeld berekraft ved dagens nedstraumsløysingar, som resirkulering, seier Hans Jakob.
Fokuset på såkalla “nedstraumsløysingar” reflekterer diskursen som har utvikla seg kring plastforureining i det vitskaplege miljøet dei siste 15 åra. Avhandlinga syner korleis bruk av systemtenking, der ein ser på design av plast og reduksjon av plastproduksjon, kan bli til sentrale strategiar for å redusere skadene ved det forskarar på feltet kallar “makroplastforureining”, til skilnad frå forureining i form av mikroplast.