Gir ut fagbok 

Fiskefartøy og garn i ei hamn på Reykjanes på Island. Foto: Idun A. Husabø

Forlaget Routledge har godkjent eit bokforslag frå forskarane i Shift-Plastics. 

Prosjektleiar Hans Jakob Walnum seier planen er å gje ut ei fagbok med innsikter frå forskinga. Boka skal vere på nivå 2, som er det høgast rangerte akademiske nivået i Noreg.

At Routledge ville gje ut boka vår, viser kor brennaktuelle problemstillingane i Shift-Plastics er, seier Hans Jakob Walnum.

Boka tek for seg plastforureining i fiskeri- og havbruksnæringa, med vekt på å etablere berekraftige sirkulære verdikjeder. Kvar av arbeidspakkane i prosjektet er representerte.

Boka gir ein omfattande analyse av utfordringar og løysingar når det gjeld plastforureining frå fiskeri og havbruk. Sjølv om ho handlar om Noreg, er det mogeleg å overføre erfaringane til andre land. 

Forskarane skal ferdigstille tekstane til fagboka innan juni 2025. Boka kjem til å vere tilgjengeleg frå hausten 2025 av.

Forrige
Forrige

Vilma tok doktorgrad på marin plastforureining

Neste
Neste

SHIFTPLASTICS i fokus hos Gemini