SHIFTPLASTICS i fokus hos Gemini
Saman med prosjektet DSOLVE, speler SHIFTPLASTICS hovudrolla i ein reportasje om plastforureining i NTNU og SINTEF sitt magasin Gemini.
Reiskap som består av mange ulike materialar gjer gjenbruk vanskeleg. SHIFTPLASTICS jobbar for å finne løysningar på problemet, blant anna gjennom å få bransjen til å bytte til reiskap som er laga av materiale som kan brukast på nytt.
– Vi har gjort testar som viser at det er liten forskjell på fangsteffektiviteten når vi brukar material som kan brytast ned. Vi har eit bionedbrytbart alternativ som vil løyse seg opp etter nokre år, utan å etterlate seg mikroplast, seier Roger Larsen, professor ved Norges fiskerihøgskole ved UiT, Norges arktiske universitet i Tromsø.