Samla i kampen mot marint plastavfall

Nestleiar i SHIFTPLASTICS, Megan Palmer-Abbs, fortalde om prosjektet og dei nye krava frå EU. Foto: Silje Furulund

Shift-Plastics og Bodø kommune inviterte nyleg til seminar om marin plast på Løvold Havpark. – Denne samlinga viser at Fiske- og havbruksnæringa vil være med og ta ansvaret for at utstyr handterast riktig og ikkje hamner på sjøen, seier Espen Kringlen i Bodø kommune.

Bodø kommune er partnar i Shift-Plastics og stilla med blant andre ordførar Odd Emil Ingebrigtsen, for å understreke viktigheita ved arrangementet. Blant tilhøyrarane var representantar frå fiskeri- og havbruksnæringa - både produsentar av utstyr og brukarar av utstyret -, samt folk frå forvaltninga. Dei fekk høyre om dei nye krava frå EU som er på trappene og konsekvensane av dei.

– Krava gjer seg gjeldande på fleire felt, til dømes landstrøm, gjenbrukskartlegging eller meir sirkulær avfallshandtering, seier Espen Kringlen, som jobbar med grøn konkurransekraft i Bodø kommune.

– Det er ein stor fordel å være i forkant av lovkrava og ha bygd opp kompetanse og sirkulære verdikjede før krava slår inn, seier han.

Ordførar Odd Emil Ingebrigtsen tok seg tid til å være med på arrangementet. Foto: Silje Furulund

Nestleiar for Shift-Plastics-prosjeket, Megan Palmer-Abbs, har god oversikt over dei nye krava frå EU og kva bransjen må gjere for å tilpasse seg. Ho held innlegg om korleis ein må endre drifta for å møte den nye verkelegheita, der produsentane får ansvaret for plastprodukta frå vogge til grav – eller nytt liv i form av resirkulering.  

Medan Karoline Hasti Rutle frå Nord fiskarlag snakka om korleis fiskarane skal møte dei nye krava, forklarte Hilde Sofie Berg frå Fiskeridirektoratet korleis dei kan hjelpe i kampen mot marint plastavfall.

Denne kampen er også sentral for Løvold-konsernet og Ellisiv Løvold fortalte om arbeidet som gjøres i konsernet for å forbetre avfallshandteringa. Seminaret blei avslutta med debatt og samtale om vegen vidare. Espen Kringlen er opptatt av at kampen mot marin forsøpling ikkje fyrst og fremst handlar om å tilpasse seg krav utanfrå, men at han er tvingande nødvendig for liv og helse.

– Don't shit where you eat. Om vi skal fortsette å få nyte havets matgode, må vi ta godt vare på det. Då kan vi ikkje fortsette å sleppe ut plast i den takta vi gjer i dag, seier Kringlen.

– Fiske- og havbruksnæringa har eit ekstra ansvar for å sørge for at utstyr handterast riktig og ikkje hamner på sjøen. Denne samlinga viser at dei vil være med og ta det ansvaret.

Forrige
Forrige

SHIFTPLASTICS i fokus hos Gemini

Neste
Neste

Ringnot har størst potensial for sirkularitet