
Arbeidspakkar
Aktiviteten i Shift-Plastics er delt inn i fem arbeidspakkar: teknologi, politikk, samproduksjon, pilotar og berekraftige verdikjeder. Les meir nedanfor.
Teknologi
Korleis er mogelegheitene for å få ned bruken av plast i fiskeri og havbruk ved ta i bruk nye materiale og design? Det er hovudspørsmålet i arbeidspakke 1, som i tillegg dreier seg om korleis vi kan handtere den brukte plasten betre.
Foto: Bo Eide
Politikk
Politikk har mykje å seie for korleis fiskeri- og havbrukssektoren handterer plast. Målet med arbeidspakke 2 er å forstå korleis politikken verkar inn på næringa sin praksis og sjå på kor vidt den noverande og føreslegne politikken kan gje oss meir berekraftige verdikjeder.
Samproduksjon
Korleis kan meir sirkulære og berekraftige løysingar sjå ut - og korleis kan vi gjere dei til verkelegheit? Det overordna målet med arbeidspakke 3 er å kome fram til ei felles forståing av plastbruken i fiskeri- og akvakulturindustrien, på tvers av verdikjeder. Her vil vi ta i bruk forskingsmetoden samproduksjon, som betyr at forskarar og representantar for næringa saman utviklar ny kunnskap.
Foto: Infinitum
Pilotar
I arbeidspakke 4 er målet å lære av dei som har kome lengst med sirkulær handtering av plast frå fiskeri- og havbrukssektoren, både i Noreg og internasjonalt.
Berekraftige verdikjeder
Korleis kan fiskeri- og havbrukssektoren nå måla om meir berekraftige verdikjeder? Arbeidspakke 5 byggjer på dei fire andre arbeidspakkane, og går ut på å utvikle eit vegkart for å handtere plast gjennom berekraftige og sirkulære verdikjeder.