Plastavtalen kom ikkje i hamn

Busan i Sør-Korea var åstaden for plastforhandlingane. Foto: Dane Kim / Unsplash

Forsøka på å ferdigstille ein global avtale om plastforureining havarerte i november.

Over 100 nasjonar hadde ønske om å redusere plastproduksjonen på verdsbasis. Då landa kom saman i Busan i Sør-Korea for å forhandle, vart det til slutt klart at ein avtale ikkje var innan rekkevidd.

Noreg har vore ein pådrivar, men nokre få land med sterke interesser innan olje og gass, mellom anna Saudi Arabia og Russland, var berre villige til å fokusere på å handtere plastavfallet, og ikkje dei stadig aukande plastmengdene.

Forhandlingane stranda delvis fordi ein la opp til at avgjerda om ein global plastavtale skulle skje ved konsensus, altså at landa fann fram til einigheit, slik det er med FN sine klimaforhandlingar.

Det er framleis håp om ein internasjonal avtale, sjølv om nokre land ikkje vil delta, og forhandlingane vil halde fram neste år.

Kjelde: Carbon Brief

Forrige
Forrige

Prosjektet har innspel om utvida produsentansvarsordning

Neste
Neste

Vilma tok doktorgrad på marin plastforureining