Prosjektet har innspel om utvida produsentansvarsordning

Prosjektleiar for SHIFTPLASTICS, Hans Jakob Walnum (i midten). Foto:

Miljødirektoratet har sendt ut ein høyring om ei ny utvida produsentansvarsordning med frist 23. desember. Basert på forskinga i Shift-Plastics-prosjektet har vi to hovudkommentarar til forslaget.

1.  Fokus på meir enn avfall

Dagens forslag til utvida produsentansvar (Extended producer responsibility eller EPR) legg stor vekt på avfallshandtering. Men forskarane sitt innspel er at ordninga må omfatte heile livssyklusen til produkta, redusere materialforbruket og fremje lang levetid på produkt.

For å redusere plastavfall i fiske og havbruk er det viktig å avgrense bruken av jomfrueleg plast gjennom strenge marknadsrestriksjonar og avgifter. Ordninga bør oppmuntre til bruk av brukte produkt og inkludere vedlikehald, reparasjon og resertifisering. Attvinnig initiativ er nyttige, men må ikkje overskygge innsatsen for å redusere total plastproduksjon.

2.  Rådgivande organ

Shift-Plastics-prosjektet understrekar behovet for eit rådgivande organ for å oppnå systemisk endring mot ein berekraftig, sirkulær økonomi. Det rådgivande organet bør vil inkludere ekspertar som forskarar, representantar frå fiskeri og havbruk, attvinningsbransje og avfallshandterarar, og medlemmer frå både miljø- og fiskeridirektoratet.

Målet er at det rådigvinde organet skal nyttast for  gjere kontinuerlege forbetringer i regelverk herunder utvida produsentansvarsordningar, men også sjå heilskapleg på andre politikk- og loveendringer for å redusere plastbruk i fiskeri- og havbruk.

Neste
Neste

Plastavtalen kom ikkje i hamn