Ny kunnskap frå Shift-Plastics
Tre ferske vitskapelege artiklar med utgangspunkt i prosjektet, bidreg med ny kunnskap til arbeidet med å handtere plast i fiskeri- og havbrukssektoren.
Artikkel 1:
Reducing plastic pollution caused by demersal fisheries - ScienceDirect
Korleis kan vi redusere plastforureining frå botnfiskeri?
Botntråling og botnseining er viktige fiskemetoder i Norge, men denne typen fiske bidreg òg til plastforureining i havet. Ein ny vitskapeleg artikkel frå forskarar i Shift-Plastics tek for seg korleis denne forureininga kan reduserast.
Slitasje på fiskeredskap som dollytau og botnseinetau, som blir nytta i samband med botnfiskeri, fører til spreiing av mikroplast som kan skade det marine miljøet.
Tradisjonelle fiskeredskap er laga av ikkje-nedbrytbare plastmateriale som PP, PE og PET. Desse materiala er slitesterke, men bidreg til mikroplastforureining. Det er utvikla meir miljøvennlege alternativ, som dei biologisk nedbrytbare polymerane PBSA og PBST.
Forskarane analyserte ulike materiale brukt i dollytau og bunnseinetau, inkludert biologisk nedbrytbare alternativ. Dei gjennomførte laboratorietestar og feltforsøk for å vurdere slitasje og nedbrytning av materiala.
Biologisk nedbrytbare materiale som PBSA og PBST viste seg å vere meir slitesterke og produserte mindre mikroplast samanlikna med tradisjonelle materiale. Samtidig finst det utfordringar knytt til resirkulering og prosessering av materiala.
Å bruke biologisk nedbrytbare polymerar i botnfiskeri kan redusere både plastforureining og miljøpåverknad. Forskarane peikar på eit behov for meir forsking og utviklingsarbeid for å forbetre resirkuleringsteknikkane og sikre nye, meir berekraftige løysingar.
Les artikkelen her: Reducing plastic pollution caused by demersal fisheries - ScienceDirect
Artikkel 2:
Multi-stakeholder perspective to generate evidence and strategies for sustainable management of ropes from the fishing sector of Norway - ScienceDirect
Plastforurensning frå fisketau i Noreg
Plastforurensning i havet er eit aukande problem som påverkar både marine og terrestriske økosystem. Fiskerinasjonen Noreg står for ein heil del plastforureining frå fisketau.
Til saman går omtrent 383 tonn plast frå fisketau tapt i norske farvatn kvart år. Dette trugar fiskebestandar, andre marine artar og sjøfugl.
Forskarar har analysert 15 typar fisketau som blir brukte i Noreg og funne at berre ein tredel av dei kan resirkulerast effektivt med dagens teknologi. Mange av taua er nemleg laga av komplekse materiale som gjer resirkulering vanskeleg.
For å gjere det lettare å resirkulere og gjenvinne materiala i desse taua når dei skal kasserast, føreslår forskarane å merke produkta med informasjon om materialsamansetjing.
Denne studien understrekar behovet for ei heilskapleg tilnærming til berekraftig forvaltning av fisketau. Blant det forskarane tilrår å få på plass, er betre innsamlingssystem og betre teknologiar for resirkulering. Slike tiltak vil bidra til å redusere plastforureining og støtte ein meir sirkulær økonomi i fiskerisektoren.
Les meir i Gemini: Norske fiskebåter mister nær 400 tonn tau i norske farvann hvert år
Les artikkelen her: Multi-stakeholder perspective to generate evidence and strategies for sustainable management of ropes from the fishing sector of Norway - ScienceDirect
Artikkel 3:
Enabling transition thinking on complex issues (wicked problems): A framework for future circular economic transitions of plastic management in the Norwegian fisheries and aquaculture sectors. - ScienceDirect
Overgang til sirkulær økonomi for plasthandtering i norsk fiskeri- og havbrukssektor
Artikkelen tek for seg korleis ein kan samarbeide på tvers av fagområde og næringar for å finne løysingar på komplekse problem som plastforureining frå fiskeri- og havbruksnæringa.
Plastforureining i havet er eit stort problem som trugar både miljøet og helsa vår. Fiske- og havbrukssektoren er blant dei største bidragsytarane til denne forureininga, spesielt gjennom tapte fiskereiskapar og mikroplast frå nedbroten plast. For å løyse dette komplekse problemet, treng vi nye måtar å tenke og samarbeide på.
Denne studien frå Shift-Plastics viser korleis ei Systems Design Approach+(SDA+) kan hjelpe oss med å forstå og handtere plastforureining i desse sektorane. Ved å samle ekspertar frå ulike fagområde, har forskarane identifisert dei 16 mest problematiske områda i verdikjeda for plast i fiskeri- og havbrukssektoren. Dette omfattar alt frå produksjon og bruk av fiskereiskapar til avfallshandtering og resirkulering.
Studien viser at samarbeid på tvers av sektorar og fagområde er avgjerande for å finne berekraftige løysingar. Ved å bruke SDA+ har forskarane skapt kreative rom for å utvikle nye metodar og verktøy som kan bidra til ein sirkulær økonomi og redusere plastforureininga. Denne tilnærminga har potensial til å bli brukt i andre land og sektorar for å løse liknande problem.