Foreslår tverrfagleg råd for ny produsentansvars-ordning i fiskeri- og havbrukssektoren

For å handtere plastproblemet i fiskeri- og havbrukssektoren, skal Noreg innføre ei ny, utvida produsentansvarsordning (EPR) frå 1. januar 2025. Forskarane i Shift-Plastics ønskjer at styresmaktene samtidig skipar eit tverrfagleg råd som kan følgje opp ordninga.

Susanne Normann (Nordlandsforskning), prosjektleiar Hans Jakob Walnum og Hanne Hjelle Hatlebrekke (SINTEF) diskuterar nye løysingar på ein av Shift-Plastics sine arbeidsverkstader. Foto: Marta Anna Løvberg

Den nye ordninga for utvida produsentansvar, kalla EPR, vil plassere ansvaret for handtering av plastavfall hjå dei som produserer fiskereiskapar og havbruksutstyr.

For å sikre at innføringa og videreutviklinga av desse ordningane blir vellukka, ser seniorforskarane Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking og Megan Palmer-Abbs ved Nordlandforskning behov for å skipe eit tverrfagleg råd.

– Eit slikt råd bør bestå av fagekspertar, interesseorganisasjonar, industrirepresentantar frå ulike delar av verdikjeda og myndigheitene, utdjupar Walnum, som er leiar for Shift-Plastics-prosjektet.

 

Bidrag til å betre rammeverket

Prosjektet har avdekka at ein treng betre data for å fremje sirkulære tiltak. Til dømes trengst det betre merking av produkta og meir informasjon om resirkulering. Elles er samarbeid mellom ulike aktørar heilt nødvendig for å handtere plastforureining og andre utfordringar, og prosjektet har starta dette arbeidet.

Prosjektpartnarane ser det tverrfaglege organet som ein veg til endring.

– Det tverrfagleg rådet kan uttale seg om korleis EPR-rammeverket bør betrast og vere ein del av det, seier prosjektleiaren

 

Fem grunnar til å opprette eit råd

Her er fem grunnar til at Noreg treng eit tverrfagleg råd når den nye ordninga skal innførast:

  1. Skreddarsy ordninga: Med over 4 000 hamner står Noreg overfor unike utfordringar knytt til plastforureining i fiskeri- og havbrukssektoren, samanlikna med land som Danmark, som berre har 16 hamner. Eit tverrfagleg råd kan skreddersy EPR-ordninga til å møte lokale behov og lokal infrastruktur og sikre at løysingane er både relevante og effektive.

  2. Sikre samarbeid: For å minske mengda av ikke-resirkulerbart materiale i fiskereiskapar og havbruksutstyr, er det avgjerande at forskarar, industri og offentlege myndigheiter jobbar godt i lag. Eit tverrfagleg råd kan styrke dette samarbeidet og sikre at det blir utvikla nye produkt med miljø i fokus. 

  3. Oppmuntre til “grønt” design: Tidlegare EPR-ordningar har lagt vekt på avfallshandtering, men har ikkje oppmuntra til meir berekraftig design. Eit tverrfagleg råd kan utforme insentiv som gir fordelar til produsentar som verkeleg går inn for å designe produkt som førebygger miljøproblem.

  4. Betre datainnsamling: Prosjektet Shift-Plastics har peika på behovet for meir presise data for å handtere plastforureining. Eit tverrfagleg råd kan forbetre innsamlinga av data og kommunikasjonen med alle aktørar, spesielt småbedrifter, for å sikre at dei etterlever EPR-krava.

  5. Fordele ansvar etter miljøbelastning: Eit tverrfagleg råd kan utvikle ein modell for differensiert ansvar som tek omsyn til dei ulike aktørane sin innverknad på miljøet. Dette kan omfatte støttemekanismar, skattar og insentiv som byggjer på verksemda sin aktivitet og storleik.

 

– Eit avgjerande steg

Walnum og Palmer-Abbs meiner eit tverrfagleg råd med fagekspertar, interesseorganisasjonar, industri og myndigheiter, vil vere eit avgjerande steg mot ei meir berekraftig og sirkulær handtering av plast i Noreg. Shift Plastics vil kome med ei tydeleg tilråding om dette i høyringssvaret til utforming av ny EPR.

– Det vil vere eit viktig tilskot til arbeidet med å forbetre praksisar og sikre at alle aktørar bidreg til å få ned plastforureininga, seier prosjektleiaren.

Forrige
Forrige

Ny kunnskap frå Shift-Plastics

Neste
Neste

ShiftPlastics på Arctic Congress Bodø 2024