ShiftPlastics på Arctic Congress Bodø 2024

På Fram kino i Bodø er det vanlegvis Tom Cruise eller Margot Robbie som tek pusten frå publikum, men under Arctic Congress var ShiftPlastics-forskarane dei store stjernene i Sal 2.

Megan Palmer-Abbs tok i bruk den lokale kinoen for å fortelje om ShiftPlastics. Foto: Thoralf Fagertun

Det var kanskje den største kongressen i Bodø nokon sinne, med 1100 deltakarar, 130 sesjonar og nærast tallause presentasjonar. Heile byen blei tatt i bruk som konferanserom og ShiftPlastics fekk ære av å halde sin sesjon i Sal 2 på Fram Kino. Her satt publikum overmåte godt i ekstravagante skinnstolar medan ShiftPlastics-temaet leda dei gjennom det siste innan forsking om plastavfall i fiskeri- og havbrukssektoren.

Megan Palmer-Abbs frå Nordlandsforskning, Hans Jakob Walnum frå Vestlandsforsking, Paritosh Deshpande frå NTNU, Christian Karl frå SINTEF og Hilde Rødås Johnsen frå SALT, alle sentrale i ShiftPlastics, presenterte frå scena.

– Vi fekk gitt ein tverrfagleg og kollektiv oversikt over situasjonen med plastforureining frå fiskeri- og havbrukssektoren i Noreg og kva som blir gjort for å løyse problemet, seier Palmer-Abbs, som leda sesjonen.

– Presentasjonane var utmerkte og presenterte oppdatert vitskap både i norsk og global samanheng.

Sentrale aktørar i ShiftPlastics-teamet samla i Bodø havn. Frå venstre: Megan Palmer-Abbs, Hans Jakob Walnum, Christian Karl, Paritosh Deshpande og Hilde Rødås Johnsen. Foto: Thoralf Fagertun

Effektiv nettverksbygging
Det var ikkje reint få som hadde funne vegen til kinosalen den siste dagen i mai. Dei frammøtte hadde vald ShiftPlastics-sesjonen over mange andre alternativ og var naturleg nok godt inne i tematikken. 

– Publikum varierte frå samfunnsvitarar til kjemikarar som jobba i ulike deler av verdikjeda, så spørsmål var nokre gonger svært detaljerte innanfor dei ulike vitskapane, til dømes materialvitskap (polymerer), materialflytanalyse og livssyklusanalyse, Systems Design Approach og rollen til samproduksjon og innsamlingsmetoder for plastavfall, seier Palmer-Abbs.

Nye kontaktar blei knytt mellom ShiftPlastics-forskarar og andre fagpersonar, både blant publikum i kinosalen og elles i kongressen.

– Vi fortsett å knyte til oss spesialistar på dei ulike områda innanfor prosjektet, både for å auke framdrifta og samarbeidet med relevante sektorar, seier Palmer-Abbs.

God anledning
Alt i alt var Megan Palmer-Abbs godt nøgd med å ha løfta fram ShiftPlastics under Arctic Congress Bodø 2024, sjølv om prosjektet kanskje ikkje fyrst og fremst kan kategoriserast som arktisk forsking.  

– Sesjonen vår blei ein fin arena for samarbeid, så kongressen var ei god anledning for å samlast og vise fram arbeidet vi gjer, seier ho.


Forrige
Forrige

Foreslår tverrfagleg råd for ny produsentansvars-ordning i fiskeri- og havbrukssektoren

Neste
Neste

Slik får vi bukt med marint plastavfall