Fekk innspel frå yrkesfiskarar

Kva gjer yrkesfiskarar når dei skal kvitte seg med øydelagt fiskeutstyr – og kva tankar har dei om løysingar? Dette avfallet er nemleg ei stor kjelde til plast i havet, også her til lands.

Seniorforskar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking og Paritosh Deshpande, førsteamanuensis og forskar ved NTNU, deltok nyleg på fiskerimessa NOR-FISHING i Trondheim, der dei gjennomførte ei spørjeundersøking blant yrkesfiskarar.

Temaet var korleis vi kan unngå at gamalt utstyr blir til mikroplast som hamnar i magane på kvalar og andre dyr i havet. Med andre ord: Kva ordningar eller endringar har fiskarane behov for, dersom dei skal kunne bidra til å løyse problemet?

Hønsi opplevde ei positiv innstilling hjå fiskarane dei møtte på messa.

– Fiskarane uttrykte stor velvilje til at meir avfall må gjenvinnast og brukast til nyttige føremål på land. Dei er opne for å kjøpe utstyr av resirkulert plast eller bioplast, gitt at det er slitesterkt og har god kvalitet, seier Torunn Hønsi.

Mange nemnde òg behovet for gode innsamlingsordningar og mottak i alle fiskehamner.

– Fiskarane må kunne levere avfall der dei leverer fisken, for å spare drivstoff og tid, seier Hønsi.

Forskarane samla inn svar frå over 30 fiskarar og fekk mange uformelle innspel. I tillegg rekrutterte dei fem erfarne fiskarar til djupneintervju seinare i prosjektet. Undersøkinga er ein del av forskingsprosjektet Shift-Plastics, som er leia av Vestlandsforsking.

– Skal vi finne nye løysingar og ny politikk som står seg, er det viktig at næringa er med og deler sin kunnskap og erfaring med forskarar, seier Torunn G. Hønsi.

Til venstre: Paritosh Deshpande i samtale med Arne Hjeltnes under ei sending på fiskerimessa Nor-Fishing.

I midten: Yrkesfiskarar fyller ut spørjeundersøkinga på fiskerimessa Nor-Fishing.

Til høgre: Skjema klart til utfylling. Over 30 svar kom inn under messa.

Forrige
Forrige

- Få år til å omstille oss

Neste
Neste

Vellukka start i Bodø