- Få år til å omstille oss
Vi har berre få år til å omstille oss for å løyse utfordringa med plastbruk i fiskeri- og havsbruksnæringa.
I åra som kjem vil vi få nye lovkrav med utvida produsentansvar. Det vil då bli eit krav at plast frå fiskeri- og havbruksnæringa skal samlast inn.
For å løyse utfordringar knytt til kompleks materialsamansetjing, til dømes koparimpregnerte nett og tau som kombinerer plast og stålkjerne, må aktørar i heile verdikjeda samarbeide: dei som produserer og brukar utstyret i fiskeri- og akvakulturnæringa, dei som handterer avfall og styresmaktene.
Til saman er sju forskingsinstitusjonar med i Shift-Plastics. Dei har ekspertise på område som teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder.
I tillegg kjem heile 20 andre aktørar – utstyrsprodusentar, industripartnarar, gjenvinningsindustrien, offentlege partnarar og interesseorganisasjonar.
Gjennom dette breie samarbeidet skal prosjektet finne fram til berekraftige og framtidsretta produkt og løysingar som både er mindre skadelege for miljøet og meir økonomisk lønsame.
Hans Jakob Walnum, prosjektleiar og seniorforskar ved Vestlandsforsking