Kronikk i Nationen og på forskning.no
Prosjektleiar Hans Jakob Walnum har skrive kronikk i Nationen om den viktige forskinga som går føre seg i regi av Shift-Plastics.
“Store delar av plasten som hamnar havet, stammar frå fiskeri og havbruk. Legg vi betre til rette for innsamling, reparasjon og attvinning i næringar som desse, ser framtida lysare ut for havet”, skriv Hans Jakob Walnum i kronikken, som vart publisert i Nationen 17. april 2024 i spalta “Faglig snakka”, der Vestlandsforsking er fast bidragsytar.
Kronikken er òg publisert på forskning.no.
Nationen, 17.april: “Vi kan løyse plastproblema i havet”
Forskning.no, 19. april: “Vi kan løyse plastproblema i havet”