Internasjonale perspektiv på agendaen
Den tredje arbeidsverkstaden i rekka i regi av Shift-Plastics fann stad i Oslo på seinhausten. Denne gongen var perspektivet internasjonalt.
I mai handla arbeidsverkstad nummer to om korleis vi kan innføre meir sirkulær handtering av plast innan fiskeri og akvakultur i Noreg. No var partnarar frå Danmark, Skottland og Canada invitert for å fortelje om situasjonen i deira heimland.
–Vi fekk høyre om utfordringar og moglegheiter som pregar plasthandteringa innan fiskeri- og akvakultur i deira kontekst, seier Megan Palmer-Abbs, nestleiar i Shfit-Plastics-prosjektet.
– Etterpå snakka vi saman om korleis kunnskapen vi utviklar i dette prosjektet kan komme til nytte også utanfor Noregs grensar.
Modellen tek form
26 personar deltok på den fyrste av dagen av arbeidsverkstaden. Dag to var i regi av Christian Karl frå SINTEF og prosjektleiar Hans Jakob Walnum frå Vestlandsforsking. Her var berre sjølve kjernen i prosjektgruppa samla.
– Fyrst fekk vi ein presentasjon frå Fredrik Moltu Johsen frå Vestlandsforsking, som snakke om designet av ein modell for livløpsvurdering av plast i fiskeri og akvakulturindustrien, fortel Palmer-Abbs.
– Så oppdaterte Paritosh Deshpande frå NTNU om korleis det går med analyse av materialflyt i sektoren, seier ho.
På rett veg
Samankoplingar mellom dei to tilnærmingane, kunnskapsutveksling, innsikt frå industrien og input frå andre ekspertar vil bli brukt for å bane veg for videre utvikling av modelleringa.
– Vi snakka om kva som skal bli neste steg i utviklinga av modellen og fekk input får ulike partnarar i prosjektet, seier Palmer-Abbs.
– Vi er på rett veg. Desse to dagane i Oslo var positive og matnyttige arbeidsdagar for prosjektet.