Berekraftige sirkulære løysingar for å handtere plast i fiskeri- og havbrukssektoren
I prosjektet Shift-Plastics er målet betre handtering av
plast frå fiskeri og havbruk.
Fiske- og havbrukssektoren produserer mykje avfall på verdsbasis. I norsk samanheng står fiskeri- og havbrukssektoren for størstedelen av plastavfallet som hamnar i havet. Denne forureininga har alvorlege konsekvensar for natur og miljø, særleg fordi plasten blir broten ned til mikro- og nanoplast som fisk og dyr får i seg.
Desse problema er komplekse, og det finst ingen enkle løysingar. Forskingsprosjektet Shift-Plastics handlar om å få til betre handtering av avfall. Korleis bør vi til dømes handtere kassert utstyr som kombinerer fleire materiale, som tauverk med stålkjerne og kopar-impregnerte nøter?
Prosjektet er eit samarbeid mellom sju forskingsinstitusjonar med kompetanse innan teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder. I tillegg kjem over 20 brukarpartnarar: utstyrsprodusentar, industri, gjenvinningsbransjen, offentlege verksemder og interesseorganisasjonar. Forskarane legg opp til tett samarbeid med styresmakter, interesseorganisasjonar og industri for å finne løysingar på miljøproblema knytt til plast frå fiskeri og havbruk.
Prosjektet er leia av Vestlandsforsking. Du kan lese meir på nettsidene til Forskningsrådet eller Vestlandsforsking.
Nyheitsbrev
Få nyheiter frå prosjektet direkte i innboksen din.